top of page

"Andre tider i Norge nu"

 

I 202o er det 100 år siden Folkets Hus Bodø først ble reist. Dette feires med utgivelse av en jubileumsbok. Redaktør er professor i historie, Steinar Aas. Andre som bidrar til boken er Gaute Lund Rønnebu (Master i historie), Ida Merethe Jensen (Master i historie), Fredrik Lie (Master i historie), Jan Oscar Bodøgaard (Historiker), Jorulf Haugen (Master i historie) og Wilhelm Karlsen (Historiker). Boken utgis i september 2020.

"Dette er den første boka som samla har prøvd å skildre framveksten av heile arbeidarrørsla i Salten, med utgangspunkt i Bodø og Folkets Hus. Ho er derfor ikkje berre ei bok av interesse for ei fagforeining eller eit partilag, eller dei som har møtelokale på huset. Nei, dette er ei bok om framveksten av det moderne norske samfunnet, med utgangspunkt i Folkets Hus og Bodø. Dette er internasjonal historie, nasjonal historie, regional historie og lokalhistorie. Framfor alt er det ei historie om og for det politisk interesserte Bodø."

- Redaktør og Professor Steinar Aas

 

Se her for en artikkel om arbeidet.

Folkets Hus Cover-1.jpg


Bestill boken her:

Email: styret@folketshusbodo.no eller ta kontakt med styreleder Knut Ilstad på tlf 928 90 720. 
 
Pris per bok: FØR kr 400,-  NÅ kr 50,- Vi tar vipps: 593995 evt kontonr: 4500.55.93321.
Det er også mulig å komme innom på Folkets Hus Bodø etter avtale og betale med kort.

Kapittel 1

«Nye tider i Norge nu»

Av Steinar Aas, professor Nord universitet

1920 er eit merkeår i Bodøs historie. Då fekk også Bodø sitt Folkets Hus. Med det fekk den delen av folket som sosialt og politisk sokna til den gryande arbeidarklassen i Bodø ein møteplass. Denne historisk viktige hendinga blir markert ved denne boka. Grunnane til det er fleire. For det første vart hendingane i 1920 ein viktig milestolpe for arbeidarrørslas utvikling

i Bodø og Salten. Det vart dei første pioneranes gjennombrot for saka si. Hendinga vart også epokegjørande for den vidare utviklinga for den same rørsla. Huset la grunnlaget for utvikling av fagrørsle, parti og ulike andre arbeidarorganisasjonar i tida som skulle komme. Det fekk samstundes følger for mange felt, både politisk, sosialt, økonomisk og – ikkje minst –

kulturelt. Og det heiles skulle også bidra til å omforme heile samfunnet rundt, lik det var starten på ei ny tid for nasjonen. Det vart dei første kimane til den perioden som innleidde det den konservative historikaren Francis Sejersted har kalla «sosialdemokratiets lykkelige

øyeblikk».

Denne boka skal forsøke gi ei forklaring på korleis dette arta seg i Bodø. Ho vil vise samanhengane mellom arbeidarrørsla og samfunn, både for enkeltindividet, men også for Bodøsamfunnet. Men skal vi finne samanhengane kan vi ikkje la oss sjå berre på det som skjedde innafor snevre bygrenser. Historia om Folkets Hus i Bodø er del av ei større historie. Den strekker seg utafor det å vere ei snever parti- eller organisasjonshistorie for det vesle bysamfunnet Bodø var i 1920. Denne boka er like mye historia om arbeidarrørsla i Salten, der utspelt rundt Folkets Hus i Bodø. Det er fleire grunnar til det perspektivet. Eitt viktig er det at

arbeidarrørsla i Noreg ikkje er ein isolert organisme. Både opphav og eksistens er i all sitt opphav internasjonal. Karl Marx som inspirerte rørsla frå slutten av 1800-talet var tysk statsborgar i eksil i England. Den kooperative rørsla oppstod i Rochdale nær Manchester. Fagorganisering som verktøy var noko den framveksande arbeidarklassen nytta som reiskap

over heile Europa i den tida Bodø fekk sitt Folkets Hus. Ja, Folkets Hus var i seg sjølv ei internasjonal rørsle som sveipte over verda både som peoples palaces i den engelskspråklege delen og casa del pueblo i den spanskspråklege verda eller som maison de peuple i den franskspråklege verda.

bottom of page